Quebec-lova

Quebec-lova av 1774 var ei lov vedteken av det britiske parlamentet som omfatta styret av provinsen Quebec. Hovudelementa i lova var:

Lova hadde omfattande effekt både i Quebec og for Dei tretten koloniane. I Quebec vart dei engelsktalande innflyttarane frå Storbritannia og dei sørlege koloniane påførte forskjellige forskrifter, som dei såg på som fjerning av visse politiske fridomar. Reaksjonen til dei fransktalande kanadiarane var meir variert. Lensherrane og prestestanden var generelt nøgd med den nye lova.

I Dei tretten koloniane vart lova, som hadde vorte vedteke samstundes med fleire andre lover som straff for Boston Tea Party og andre protestar, ein del av dei utålelege lovene, som førte fram til den amerikanske sjølvstendekrigen. Quebec-lova vart sett på som ein ny modell for det britiske kolonistyret, som ville fjerne makta frå koloniforsamlingane og fremme katolsk tru hos protestantane i koloniane. Lova avgrensa òg mogelegheitene til å utvide koloniane vestover ved å gje det meste av Ohio Country til provinsen Quebec.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search